Steg 5:

Betal rekningane i tide, og ikkje kjøp på kreditt.

Duh! Eg blir rik av å la vere å bruke pengar, ikkje av å betale rekningar!

Eh... Joda, men når rekningane først kjem, må du jo betale dei. Du kan la vera, men resultatet av det er at du får purringar. Og fleire purringar. Og etterkvart går saka kanskje til inkasso. Og så må du betale forsinkingsrente. Og inkassosalærer. Og den vesle rekninga vil bli ganske mykje dyrare enn ho var den dagen ho dumpa ned i postkassa.

Mumle... Javel då, så korleis betalar eg rekningar?

Det der følast ofte som eit innmari godt spørsmål, for beløpet på rekninga er ofte langt høgare enn ein eigentleg skulle ønskja. La oss seie at du t.d. har eit terminforfall i Lånekassen, og dei vil at du skal overføre 6000 kroner til dei den 15. mai.

Å grave seks tusen kroner ut av kontoen følast sannsynlegvis veldig vanskeleg av og til. Men det treng jo ikkje å vera sånn. Klarer du å grave fram to tusen kroner? Det er langt enklare enn å klare å finne seks tusen, er det ikkje? Nettopp.

Denne rekninga har det felles med svært mange andre av dei store rekningane du må betale i løpet av året: Du veit at ho kjem. Årsavgift på bilen? Den kjem kvart år. Terminbeløp til Lånekassen? Kvar tredje månad. Forsikring? Kvart år. Dette veit du lang tid i forvegen, og det kan du bruke til din fordel.

Lag deg rett og slett ein eigen konto for å betale rekningar med (mange bankar lar deg no opprette nye kontoar på eiga hand i nettbanken). Dersom du veit at du får ei rekning på 5000 kroner om fem månader, flytter du 1000 kroner over til rekningskonto kvar månad. Legg gjerne inn eit fast trekk i nettbanken om at desse pengane skal flyttast på lønningsdato, slik at du ikkje gløymar dette og drikker opp pengane i staden for. Og så enkelt er det: No har du alle pengane du treng til å betale rekningar med på ein eigen konto. Det kjem alltid til å dukke opp ei rekning du hadde gløymd, men med litt flink manøvrering av denne metoden vil du aldri trenge å sjå ei purring igjen.

Og kvifor skal eg ikkje kjøpe på kreditt?

Fordi ting som ser billige ut vil vera vanvittig dyre når du er ferdig med å betale alle renter og månadsgebyrer. For å ta eit døme frå røynda: Expert har i skrivande stund ein Sony 40" LCD-TV til kr 8990,- (eg aner ikkje om det er mykje eller lite, det var den første TV-en eg fann på nettsidene deira). Dersom du betaler kontant, altså. Dei tilbyr òg at du kan få betale han over 25 månader, til berre 499,- kroner i månaden. Legg saman dette, og du ser fort at TV-en blir litt dyrare: 12 169,- kroner må du betale dersom du veljar å kjøpe TV-en på kreditt.

Men eg betaler alltid tilbake kredittkortet før det byrjar å løpe renter på det, og då kostar det meg absolutt ingenting.

If you say so. Berre hugs at kredittkortindustrien lever av at sånne som deg skal gløyma å betale kredittkortrekninga si.

Gå vidare >>>

Privacy Policy | © 2010