Steg 4:

Kartlegg kor mykje pengar du eigentleg bruker.

Hæ?

Prøv dette eksperimentet: Gå gjennom dei siste kontoutskriftene dine, og finn ut kva du har brukt pengar på. Eller prøv å samle på alle kvitteringane for alt du kjøper i heile neste veke, og lag deg ei oversikt over kva pengane har gått til.

Sjansen er stor for at du oppdagar at du bruker langt meir pengar enn du var klar over. Sjansen er òg stor for at det er dei små beløpa som verkeleg har vekse ut av proporsjonar.

Røykar du? Dersom vi går ut frå at du røyker ein tjuepakning om dagen, har du (dersom ein går ut frå ein pakkepris på 68 kroner) eit årsforbruk på nesten 25 000 kroner. Er sigarettane verdt så mykje for deg? Sjølvsagt er det vanskeleg å slutte, men dersom du hadde klart å kutte ned til halvparten, hadde det aleine vore over tolv tusen kroner du kunne ha satt rett inn på konto kvart einaste år.

Kor mykje sløser du? Prøv DinSides sløsekalkulator

Det høyrast sannsynlegvis vanvittig kjedeleg ut å kartleggja alle utgiftene sine i eit rekneskap. Men det gir deg eit litt betre innblikk i kva du eigentleg bruker pengar på. Og det gjer det langt enklare å finne ut kvar du kan kutte utan at du eigentleg merkar så mykje til det.

Bør eg kjøpe alt på tilbod?

Dersom du skal ha eit produkt og dette produktet er på tilbod, eller eit produkt på tilbod kan erstatte eit dyrare produkt du elles skulle ha hatt, sjølvsagt. Men ikkje kjøp ting du ikkje trenger berre fordi dei er på tilbod. Du treng ikkje fire middagar dagleg. Og dersom ein halvliter cola kostar femten kroner og ein firepakning halvannanlitrar kostar ein femtilapp, er det ingen økonomisk gevinst i å kjøpe firepakningen dersom det berre medfører at du drikk tolv gonger så mykje som eigentleg planlagt. Då hadde femten kroner vore billigare.

Få gode tips om å kartleggja økonomien din: TV3 Luksusfellen

Gå vidare >>>

Privacy Policy | © 2010