Steg 2:

Skaff deg ei utdanning.

Dersom du har den utdanninga du treng, kan du sjølvsagt hoppe over dette steget. Men dersom du sliter med å finne deg ein jobb, kan det vera fordi du ikkje har god nok utdanning.

Skole er teit, kvifor skal eg utdanne meg?

Fordi all statistikk viser at folk med høgare utdanning, gjerne på mastergradsnivå, får høgare lønn enn folk som ikkje har det. Ettersom temaet for denne nettstaden er «Slik blir du rik», hadde det vore dumt å hoppe over dette steget.

Kvar får eg tak i sånn der «utdanning», då?

Høgare utdanning i Noreg er koordinert gjennom Samordna opptak.

Eg tar utdanninga mi gjennom ei nettside der eg betaler ein fast sum for å vera medlem, og dei gir meg retten til å selja denne utdanninga vidare til andre, og dei har den beste opplæringa i heile verda på online marknadsføring ...

Oksebæsj.

Gå vidare >>>

Privacy Policy | © 2010