Steg 3:

Bruk mindre pengar.

Men eg vil jo bli rik for at eg skal kunne bruke meir pengar ...

Sukk. Såklart du vil. Men skal du kome dit, må du tenkja gjennom forbruket ditt. Dei pengane du sit igjen med på konto når månaden er over, er den lønna du har fått utbetalt minus dei utgiftene du har. Det betyr at du kan gjera to ting for å auke denne summen: Du kan auke inntektene, og du kan senke utgiftene dine. Det beste resultatet får du om du klarer å kombinere desse to, så klart.

Du skal sjølvsagt ikkje spare inn til beinet. Du skal ha råd til å spise mat, ha ein stad å bo, betale strømrekninga, og å kunne kose deg litt. Men dei fleste av oss har eit forbruk som er langt høgare enn det vi eigentleg trenger.

Dette kan du fint klare å leve på: SIFOs standardbudsjett

Er du veldig opptatt av å til eikvar tid ha alle dei nyaste gadgetane? Det blir du ikkje rik av. Kjøper du mat i kantina kvar dag, cola på Narvesen på veg heim og er ute og fester kvar kveld? Det blir du ikkje rik av. Tipper du lotto eller betaler månadsavgift i CarbonCopyPro eller liknande oksebæsj? Det blir du ikkje rik av (meir om dette i trinn 6).

Eg lever nøkternt nok! Eg kan ikkje kutte meir i forbruket mitt!

Det betyr anten at du er veldig flink eller at du liker å innbille deg at du er veldig flink. Dersom det siste er tilfelle, ta ein titt på steg 4.

Gå vidare >>>

Privacy Policy | © 2010